fredag 25. oktober 2013

Fredagsdiktet: Venetape

Ukas fredagsdikt er en reprise, men det er også et av de fineste diktene jeg vet om, så da må det være greit. Det fungerer dessuten som en slags hilsen: Gratulerer med dagen, Lars.




VENETAPE

Ei uro jagar mellom von og misvon –.
Han lever ennå. Her må skje eit under!
Men venskap bergar ingen mann. Vi er åleine
på ytste øy i våre tyngste stunder.

Det slokna ljos mot gryet. Aldri skal
ditt hovud meire reise seg frå pute.
Uverkeleg og ørskegrå står dagen
med tunge augnelok mot blinde rute.

Eit hjarte slutta slå sin tunge blodkolv
og livet stupte under krav og kross.
Og døden kom. Han lyfte krossen upp att
og la han teiande og tungt – på oss.

Den fyrste dag – og alle dagar går.
Det snøar ute. Og eg står her inne
og ventar stilt. Men snø fell aldri over
det nakne stjernehimmeldjup av minne.

Det bankar nattetid. Det opnast dører.
Og alt som hender – det er nå det hender.
Det snøar på ei grav. Det er som frøyste tåror
or himmelauga over våre grender.

Eg står her framfor stengt, og kallar på deg
frå eisemdstrandi ved den stille sjøen.
Og ropet bryt or djupet: Kom attende!
Men venskap vekkjer ingen upp fra døden.

(Jan-Magnus Bruheim)

Ingen kommentarer: