fredag 5. april 2013

Fredagsdiktet: Hudsong



Hudsong

Vår første glede: huda
Vår andre glede: huda
Kvart menneske skriv denne songen
Små tynne notar og grovare kalligrafi
Kva glir over andleta og set teikn
Det er vinden
Sola som strøymer inn
Det er smila og dei samanbitne tennene

Når me vert gamle
Kan me seia så mykje
Bare ved å vise andleta våre
Og kroppane

Eg har hud til deg
Huda i hendene mine
Ho syng

(Helge Torvund)

Ingen kommentarer: