fredag 24. februar 2012

Fredagsdiktet: Himmelen er eit kart



HIMMELEN ER EIT KART

Der vi legg kvarandre ned
oppstår eit krater

for dei fortapte
Eit teater for dei frelste

Men det som elskar
i dei som elskar

er det som syng
i dei som syng

om det som er
og det som blir til

Ingen kommentarer: